Boreløyve for brønnbane 7219/12-3 S i utvinningsløyve 533

06.11.2017
Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønnbane 7219/12-3 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønnbane 7219/12-3 S skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 72o12' 3,55" nord og 19o43' 2,4" aust.

Boreprogrammet for brønnbane 7219/12-3 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 533. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 35 prosent og rettshavarane er Aker BP AS med 35 prosent og DEA Norge AS med 30 prosent. Arealet i dette løyvet består av blokkene 7219/12 og 7220/10. Brønnen blir bora om lag 32 kilometer nordvest for funnbrønnen 7220/11-1 (Alta) i utvinningsløyve 609

Utvinningsløyve 533 vart delt ut i 20. konsesjonsrunde i 2009.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

7219/12-3 S


Tema: Brønner