Boreløyve for brønn 7220/11-4 A i utvinningsløyve 609

17.07.2017
Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7220/11-4 A jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7220/11-4 A skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 72o2' 27,88" nord og 20o33' 7,97" aust.

Boreprogrammet for brønn 7220/11-4 A gjeld boring av ein avgrensningsbrønn i utvinningsløyve 609. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 40 prosent og rettshavarane er Idemitsu Petroleum Norge AS med 30 prosent og DEA Norge AS med 30 prosent.

Arealet i dette løyvet består av blokkene/del av blokkene 7220/6, 7220/9, 7220/11, 7220/12 og 7221/4. Brønnen blir bora om lag to kilometer sør for funnbrønnen 7220/11-1 i utvinningsløyve 609.

Utvinningsløyve 609 vart delt ut i 21. konsesjonsrunde i 2011.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

7220/11-4 A

 

 


Tema: Brønner