Boreløyve for brønn 7220/11-4 i utvinningsløyve 609

28.03.2017
Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7220/11-4, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7220/11-4 skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 72°2' 27,56" nord og 20°33' 8,1" aust.

Boreprogrammet for brønn 7220/11-4 gjeld boring av ein avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 609. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 40 prosent, dei andre rettshavarane er Idemitsu Petroleum Norge AS med 30 prosent og DEA Norge AS med 30 prosent. Arealet i dette løyvet består av blokkene/del av blokkene 7220/6, 7220/9, 7220/11, 7220/12 og 7221/4. Brønnen blir bora om lag to kilometer sør for funnbrønnen 7220/11-1 i utvinningsløyve 609.

Utvinningsløyve 609 vart tildelt i 21. konsesjonsrunde i 2011.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

7220/11-4


Tema: Brønner