Boreløyve for brønn 7317/9-1 i utvinningsløyve 718

04.08.2017
Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 7317/9-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7317/9-1 skal borast frå boreinnretninga Songa Enabler i posisjon 73°27'50,46" nord og 17°48'10,53" aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7435/12-1 for Statoil Petroleum AS i utvinningsløyve 859.

Boreprogrammet for brønn 7317/9-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 718.

Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er Dea Norge AS (20 prosent) og Petoro AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av blokkene 7317/8 og 7317/9. Brønnen blir bora om lag 75 kilometer nordvest for funnet 7319/12-1 (Pingvin) og om lag 370 km frå Hammerfest.

Utvinningsløyve 718 vart tildelt i 2013 i 22. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

7317/9-1Kontaktperson i OD: Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52