Boreløyve for brønn 7324/8-3 i utvinningsløyve 537

01.08.2017
Oljedirektoratet har gitt OMV (Norge) AS boreløyve for brønn 7324/8-3, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7324/8-3 skal borast frå boreinnretninga Island Innovator i posisjon 73°26'4"N og 24°23'21,67"E.

Boreprogrammet for brønn 7324/8-3 gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 537.

OMV (Norge) AS er operatør med ein del på 25 prosent. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum (35 prosent), Idemitsu Petroleum Norge AS (20 prosent) og Petoro (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 7324/7 og blokk 7324/8. Brønnen blir bora på Wisting-funnet om lag 260 kilometer frå kysten .

Utvinningsløyve 537 vart tildelt 15. mai 2009 (20. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den sjette brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

JPG image, 1358 x 1920