Boreløyve for brønn 7325/4-1 i utvinningsløyve 855

03.07.2017
Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 7325/4-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7325/4-1 skal borast frå boreinnretninga Songa Enabler i posisjon 73°38' 57,55" nord og 25°10' 41,74" aust.

Boreprogrammet for brønn 7325/4-1 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 855. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 55 prosent og rettshavarana er OMV (Norge) AS med 25 prosent og Petoro AS med 20 prosent. Arealet i dette løyvet består av blokkene 7324/5, 7324/6, 7325/4 og 7325/5. Brønnen blir bora om lag 30 kilometer nordøst for funnbrønnen 7324/8-1 (Wisting) i utvinningsløyve 537.

Utvinningsløyve 855 vart delt ut i 23. konsesjonsrunde i 2016.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

7325/4-1


Tema: Brønner