Boreløyve for brønn 7435/12-1 i utvinningsløyve 859

28.07.2017
Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 7435/12-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7435/12-1 skal borast frå boreinnretninga Songa Enabler i posisjon 74°4'18,21"N og 35°48'31,06"E etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7325/4-1 for Statoil Petroleum AS i utvinningsløyve 855.

Boreprogrammet for brønn 7435/12-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 859.

Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Chevron Norge AS (20 prosent), Petoro AS (20 prosent), ConocoPhillips Skandinavia (15 prosent) og Lundin Norway AS (15 prosent).

Arealet i dette løyvet består av blokkene 7335/1, 7335/2 , 7335/3, 7336/1, 7434/7, 7434/8, 7434/9, 7435/9, 7435/10, 7435/11, 7435/12 og 7436/10. Brønnen blir bora om lag 320 km nordaust for 7225/3-1 (Norvarg), om lag 365 kilometer nordaust for funnbrønn 7324/8-1 (Wisting) i utvinningsløyve 537 og om lag 415 km frå kysten.

Utvinningsløyve 859 vart tildelt i 23. konsesjonsrunde i 2016. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

7435/12-1