Boreløyve for brønn 15/3-10 i utvinningsløyve 025

03.05.2018
Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 15/3-10, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 15/3-10 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 58°49’ 09,04’’ nord og 01°52’ 02,38” aust.

Boreprogrammet for brønn 15/3-10 gjeld boring av ein avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 025. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 36 prosent. Dei andre rettshavarane er Neptune Energy Norge AS (25 prosent), OMV (Norge) AS (24 prosent) og Repsol Norge AS (15 prosent). Utvinningsløyve 025 i midtre Nordsjøen blei tildelt i 23.05.1969 (2.Runde).

Arealet i dette utvinningsløyvet består av delar av blokk 15/2, 15/3 og 15/6. Brønnen blir bora like søraust for Gudrun-feltet. Dette er den åttande leitebrønnen som blir bora i utvinningsløyvet.    

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

15/3-10


Tema: Brønner