Boreløyve for brønn 16/1-28 S i utvinningsløyve 338 C

08.03.2018
Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/1-28 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 16/1-28 S skal borast frå boreinnretninga COSLInnovator i posisjon 58°48’51,49’’ nord 02°16’14,20’’ aust i den midtre delen av Nordsjøen. Riggen borar for tida avgrensningsbrønn 16/4-11 for Lundin i utvinningsløyve 359.

Boreprogrammet for brønn 16/1-28 S gjeld boring av ein avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 338 C der Lundin er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Lime Petroleum AS (30 prosent) og OMV (Norge) AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av ein sørleg del av blokk 16/1 og ein nordaustleg del av blokk 16/4. Brønnen vert bora horisontalt om lag to kilometer gjennom reservoarbergartene mot sørvest med start fra om lag ein kilometer nordaust for funnbrønnen 16/1-12 (Rolvsnes) og avsluttes om lag ein kilometer nord for avgrensingsbrønnen 16/1-25 S .

Utvinningsløyve 338 C blei tildelt 16. desember 2014 (TFO 2004). Dette er den tredje brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

16/1-28 S


Tema: Brønner