Boreløyve for brønn 16/4-11 i utvinningsløyve 359

05.01.2018
Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/4-11, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 16/4-11 skal borast frå boreinnretninga COSLInnovator i posisjon 58°40’16,11’’ nord 02°14’25,30’’ aust i den midtre delen av Nordsjøen.

Boreprogrammet for brønn 16/4-11 gjeld boring av ein avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 359 der Lundin er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er OMV (Norge) AS (20 prosent), Statoil Petroleum AS (15 prosent) og Wintershall Norge AS (15 prosent).

Arealet i dette løyvet består av sørvestleg del av blokk 16/1 og nordleg halvdel av blokk 16/4. Brønnen blir bora om lag 2 kilometer søraust for funnbrønnen 16/4-6 S (Luno II).

Utvinningsløyve 359 blei tildelt 6. januar 2006 (TFO 2005). Dette er den femte brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

16/4-11


Tema: Brønner