Boreløyve for brønnen 24/9-13 i utvinningsløyve 869

01.11.2018
Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for undersøkingsbrønn 24/9-13, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønnen skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 59°17'51,93" nord og 1°46'2,34" aust etter å ha bora undersøkingsbrønn 6406/6-6 S i utvinningsløyve 255 B i den sørlege delen av Norskehavet.

Boreprogrammet for brønn 24/9-13 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 869. Aker BP ASA er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er Lundin Norway AS (20 prosent) og Point Resources AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 24/9, 24/12 og 25/7. Brønnen blir bora om lag fire kilometer sørvest for Bøyla-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 869 blei tildelt 10. februar 2017. Dette er den fyrste leitebrønnen som blir bora i sjølve løyvet, men det er tidlegare bora fleire undersøkingsbrønnar innanfor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

24/9-13


Tema: Brønner