Boreløyve for brønnane 25/4-12 S og 25/4-12 A i utvinningsløyve 203

22.05.2018
Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 25/4-12 S og brønn 25/4-12 A, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 25/4-12 S og brønn 25/4-12 A skal borast frå boreinnretninga Deepsea Stavanger i posisjon 59°30'39,22" N og 2°4'27,28" Ø etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7221/12-1 for Aker BP ASA i utvinningsløyve 659.

Boreprogrammet for brønn 25/4-12 S og brønn 25/4-12 A gjeld boring av avgrensingsbrønnar i utvinningsløyve 203. Aker BP ASA er operatør med ein del på 65 prosent. Dei andre rettshavarane er ConocoPhillips Skandinavia AS (20 prosent) og Lundin Norway AS (15 prosent). Arealet i dette løyvet består av sørvestlig del av blokk 25/4 og mindre deler av blokkene 24/6 og 25/7. Brønnen blir bora om lag 8 kilometer søraust for Alvheim-feltet.

Utvinningsløyve 203 vart delt ut 2. februar 1996 i 15. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den åttande og niande leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

25/4-12