Boreløyve for brønn 30/6-30 i utvinningsløyve 825

11.09.2018
Oljedirektoratet har gitt Faroe Petroleum Norge AS boreløyve for brønn 30/6-30, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 30/6-30 skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 60°43'6,71"N og 2°44'3,43"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 35/11-21 A for Wellesley Petroleum AS i utvinningsløyve 248 I.

Boreprogrammet for brønn 30/6-30 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 825 Faroe Petroleum Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Lundin Norway AS (30 prosent) og Spirit Energy Norge AS (30 prosent). Arealet i dette løyvet består av nordlig del av blokk 30/6 og sørlig del av blokk 30/3. Brønnen blir bora om lag 7 kilometer nord for Oseberg-feltet.

Utvinningsløyve 825 vart delt ut 15. februar 2016 (TFO 2015). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, Tlf. 51 87 64 52

30/6-30