Boreløyve for brønn 31/7-3 S i utvinningsløyve 740

31.10.2018
Oljedirektoratet har gitt Faroe Petroleum Norge AS boreløyve for brønn 31/7-3 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 31/7-3 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 60°26'42,63" nord og 3°3'13,81" aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 30/6-30 for Faroe Petroleum Norge AS i utvinningsløyve 825.

Boreprogrammet for brønn 31/7-3 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 740 Faroe Petroleum Norge AS er operatør med ein del på 50 prosent. Den andre rettshavaren er Point Resources AS (50 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 31/7 og 30/9 Brønnen blir bora om lag 10 kilometer sør for Brage-feltet.

Utvinningsløyve 740 vart delt ut 07.02.2014 (TFO 2013). Dette er den femte brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf: 51876452

 

31/7-3 S


Tema: Brønner