Boreløyve for brønn 34/5-2 S i utvinningsløyve 373 S

16.05.2018
Oljedirektoratet har gitt A/S Norske Shell boreløyve for brønn 34/5-2 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 34/5-2 S skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 61°43' 31,17" nord og 2°39' 17,56" aust.

Boreprogrammet for brønn 34/5-2S gjeld boring av undersøkingsbrønn/avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 373 S i Nordsjøen.

A/S Norske Shell er operatør med ein del på 45 prosent. Dei andre rettshavarane er Idemitsu Petroleum Norge (25 prosent), Wintershall Norge AS (20 prosent) og DEA Norge AS (10 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 34/2, 34/5, 34/6 og del av blokk 34/3 Brønnen blir bora om lag 20 kilometer sør for Knarr-feltet.

Utvinningsløyve 373 S blei tildelt 6. januar 2006 i TFO 2005 på norsk sokkel. Dette er den niande brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

34/5-2 S


Tema: Brønner