Boreløyve for brønn 34/8-18 S i utvinningsløyve 120

29.10.2018
Oljedirektoratet har gitt Equinor ASA boreløyve for brønn 34/8-18 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 34/8-18 S skal borast frå boreinnretninga på Visund A plattformen.

Boreprogrammet for brønn 34/8-18 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 120. Equinor ASA er operatør med ein del på 59 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro (17 prosent), ConocoPhillips (13 prosent) og Repsol (11 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 34/8. Brønnen blir bora på Visundfeltet.

Utvinningsløyve 120 vart delt ut den 23.08.2005 i konsesjonsrunde 10A på norsk sokkel. Dette er den 16 brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf: 51876452

34/8-18 S


Tema: Brønner