Boreløyve for brønn 34/8-19 S i utvinningsløyve 120

12.03.2018
Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 34/8-19 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 34/8-19 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Atlantic i posisjon 61°26'6,84" nord og 2°35'24,37" aust etter avslutting av boring på Johan Sverdrup-feltet.

Boreprogrammet for brønn 34/8-19 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 120. Statoil er operatør med ein del på 53 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (30 prosent), ConocoPhillips Skandinavia AS (9 prosent) og Repsol Norge AS  (8 prosent). Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 34/8. Brønnen blir bora om lag ti kilometer nordaust for Visund-feltet.

Utvinningsløyve 120 blei  tildelt 23. august 1985 i  konsesjonsrunde 10 A på norsk sokkel. Dette er den nittande leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52 

34/8-19 S


Tema: Brønner