Boreløyve for brønn 35/11-21 S i utvinningsløyve 248 I

18.07.2018
Oljedirektoratet har gitt Wellesley Petroleum AS boreløyve for brønn 35/11-21 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 35/11-21 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 61°09'28,15" nord og 03°38'56,52" aust.

Boreprogrammet for brønn 35/11-21 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 248 I.

Wellesley Petroleum AS er operatør med ein del på 60 prosent, og rettshavar Petoro AS har ein del på 40 prosent. Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 35/11. Brønnen blir bora 1,5 kilometer sørvest for funnbrønnen 35/12-2 (Grosbeak).

Utvinningsløyve 248 I blei tildelt 18. desember 2017 i NST99 på norsk sokkel. Brønn 35/11-21 S er den fyrste brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf: 51 87 64 52

 

35/11-21 S


Tema: Brønner