Boreløyve for brønn 35/12-6 S i utvinningsløyve 925

23.04.2018
Oljedirektoratet har gitt Wellesley Petroleum AS boreløyve for brønn 35/12-6 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 35/12-6 S  skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 61°13' 45,06" nord og 3°45' 25,40" aust.

Boreprogrammet for brønn 35/12-6S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 925. Wellesley Petroleum AS er operatør med ein del på 90 prosent. Concedo AS er rettshavar med ti prosent. Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 35/9 og 35/12. Brønnen blir bora om lag 14 kilometer sørvest for Gjøa-feltet og 12 kilometer øst for Byrding.

Utvinningsløyve 925 blei tildelt i TFO 2017, 2. mars 2018. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

35/12-6 S


Tema: Brønner