Boreløyve for brønn 35/12-7 i utvinningsløyve 925

30.05.2018
Oljedirektoratet har gitt Wellesley Petroleum AS boreløyve for brønn 35/12-7, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 35/12-7 skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 61°9'0,65" nord og 3°40'5,71" aust.

Boreprogrammet for brønn 35/12-7 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 925 Wellesley Petroleum AS er operatør med ein del på 90 prosent. Concedo AS er rettshavar med 10 prosent. Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 35/9 og 35/12. Brønnen blir bora om lag 23 kilometer sørvest for Gjøa-feltet og 7 kilometer øst for Byrding.

Utvinningsløyve 925 vart delt ut i TFO 2017, 2. mars 2018. Dette er den andre brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

35/12-7


Tema: Brønner