Boreløyve for brønnbane 35/9-14 i utvinningsløyve 682

24.01.2018
Oljedirektoratet har gitt Spirit Energy Norge AS boreløyve for brønnbane 35/9-14, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 35/9-14 skal borast frå boreinnretninga Songa Enabler i posisjon 61⁰ 25' 19.87’’ nord, 03⁰ 49’ 41.92’’ aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 35/9-13 i utvinningsløyve 682.

Boreprogrammet for brønnbane 35/9-14 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 682. Spirit Energy AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Capricorn Norge AS (30 prosent), Petoro (20 prosent) og Wellesley Petroleum AS (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av midtre og nordvestlig del av blokk 35/9. Brønnen blir bora om lag 6 kilometer nordvest for Gjøafeltet.

Utvinningsløyve 682 vart delt ut 08.02.2013 i TFO 2012 på norsk sokkel. Dette er den andre brønnen som blir bora i løyvet. Brønn 35/9-13 vart avslutta av tekniske grunnar, 35/9-14 er ein erstattar av denne. 35/9-13 vart tidligare operert av Bayerngas Norge AS.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tel. +47 51 87 64 52

35/9-14


Tema: Brønner