Boreløyve for brønn 6307/1-1 S i utvinningsløyve 830

02.07.2018
Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 6307/1-1 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6307/1-1 S skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 63°55'15,85"N og 7°18'10,05"A etter avslutting av boring av avgrensingsbrønn 7220/11-5 S for Lundin Norway AS i utvinningsløyve 609.

Boreprogrammet for brønn 6307/1-1 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 830. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er VNG Norge AS (20 prosent), Petoro AS (20 prosent) og Equinor Energy AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av det meste av blokk 6307/1 og blokk 6307/4, samt søraustleg del av blokk 6407/10. Brønnen blir bora om lag 29 kilometer søraust for Fenja-funnet og om lag 39 kilometer sør for Njord-feltet.

Utvinningsløyve 830 blei tildelt 5. februar 2016 (TFO 2015 på norsk sokkel). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

 

 

Boreløyve, 6307/1-1 S

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf: 51876452


Tema: Brønner