Boreløyve for brønn 6406/6-5 S i utvinningsløyve 255 B

27.07.2018
Oljedirektoratet har gitt Total E&P Norge AS boreløyve for brønn 6406/6-5 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6406/6-5 S skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 64°35'47,28"N og 06°51'15,27"Ø.

Boreprogrammet for brønn 6406/6-5 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 255 B. Total er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Equinor Energy AS (30 prosent)  og Petoro AS (30 prosent). Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 6406/5 og ein del av blokk 6406/6.

Brønnen blir bora om lag 12 kilometer nord for gassfunnet Linnorm og 270 kilometer sørvest for Brønnøysund, og skal der teste juraprospektet Jasper.

Utvinningsløyve 255 B blei tildelt 19. mai 2016. Dette er den fyrste brønnen som vert bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

6406/6-5 S