Boreløyve for brønn 6406/6-6 A i utvinningsløyve 255 B

28.11.2018
Oljedirektoratet har gitt Total E&P Norge AS boreløyve for brønn 6406/6-6 A, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6406/6-6 A skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 64°35'47,61"N og 6°51'15,40"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6406/6-6 S for Total E&P Norge AS i utvinningsløyve 255 B.

Boreprogrammet for brønn 6406/6-6 A gjeld boring av geologisk sidesteg i utvinningsløyve 255 B. Total er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Equinor Energy AS (30 prosent) og Petoro AS (30 prosent). Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 6406/5 og ein del av blokk 6406/6.

Brønnen blir bora om lag 12 kilometer nord for gass- og kondensatfunnet Linnorm og 270 kilometer sørvest for Brønnøysund, og skal der undersøke reservoaret i juraavsetningar påvist i undersøkingsbrønn 6406/6-6 S.

Utvinningsløyve 255 B blei tildelt 19. mai 2016 i 16. konsesjonsrunde på  på norsk sokkel. Dette er den tredje brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, telefon 51 87 64 52.

6406/6-6 A


Tema: Brønner