Boreløyve for brønn 6407/11-1 i utvinningsløyve 751

10.09.2018
Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 6407/11-1, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6407/11-1 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 64°12'22,8"N og 7°29'33,25"A.

Boreprogrammet for brønn 6407/11-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 751 der Equinor Energy AS er operatør med ein del på 80 prosent. Den andre rettshavaren er Petoro AS (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av størstedelen av blokk 6407/11. Brønnen blir bora om lag 17 kilometer søraust for Njord-feltet.

Utvinningsløyve 751 blei tildelt 7. februar 2014 i TFO2013. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, Tlf. 51 87 64 52

6407/11-1


Tema: Brønner