Boreløyve for brønn 6506/9-4 S i utvinningsløyve 433

16.01.2018
Oljedirektoratet har gitt Spirit Energy Norge AS boreløyve for brønn 6506/9-4 S jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6506/9-4 S skal borast frå boreinnretninga Island Innovator i posisjon 65°15'38,07" nord og 6°42'35,69" aust. Boreriggen ligg for tida ved kai i varmt opplag.

Boreprogrammet for brønn 6506/9-4 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 433. Spirit Energy AS er operatør med ein del på 51,7 prosent. Dei andre rettshavarane er Faroe Petroleum (28,3 prosent) og PGNiG (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6506/9 og del av blokk 6506/12. Brønnen blir bora om lag 8 kilometer nord for Smørbukkfeltet.

Utvinningsløyve 433 vart delt ut 16.2.2007 i TFO 2006 på norsk sokkel. Dette er den andre brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tel. +47 51 87 64 526506/9-4 S


Tema: Brønner