Boreløyve for brønn 6507/5-8 i utvinningsløyve 212

31.01.2018
Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 6507/5-8, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6507/5-8 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Stavanger i posisjon 65°41' 58,47" nord og 7°32' 23,19" aust etter avslutting av boring av utvinningsbrønn 6406/3-H-2 H for Wintershall Norge AS i utvinningsløyve 475 BS.

Boreprogrammet for brønn 6507/5-8 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 212. Aker BP ASA er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS (30 prosent), DEA Norge AS (25 prosent) og PGNiG Upstream Norway AS (15 prosent).

Arealet i dette løyvet består av blokk 6507/5. Brønnen blir bora om lag 2 kilometer vest for Skarv-feltet og om lag 230 kilometer vest for Brønnøysund.

Utvinningsløyve 212 blei tildelt 2. februar 1996 (15. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den åttande leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, telefon 51 87 64 52

6507/5-8


Tema: Brønner