Boreløyve for brønn 6608/10-18, 6608/10-18 A og 6608/10-18 B i utvinningsløyve 128 D

27.06.2018
Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnane 6608/10-18, 6608/10-18 A og 6608/10-18 B, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønnane 6608/10-18, 6608/10-18 A og 6608/10-18 B skal borast frå boreinnretninga Songa Encourage i posisjon 66°6'9,52"nord og 8°4'23,19"aust.

Boreprogrammet for brønnane 6608/10-18, 6608/10-18 A og 6608/10-18 B gjeld boring av avgrensingsbrønnar i utvinningsløyve 128 D. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 63,95 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (24,55 prosent) og Eni Norge AS (11,5 prosent). Arealet i dette løyvet består av vestlig del av blokk 6608. Brønnane blir bora for å avgrense Cape Vulture-funnet, om lag 8 kilometer nord for Norne-feltet.

Utvinningsløyve 128 D vart delt ut 5. februar 2016 i TFO 2015 på norsk sokkel. Brønn 6608/10-18 er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf: 51 87 64 52

6608/10-18, 6608/10-18 A og 6608/10-18 B


Tema: Brønner