Boreløyve for brønn 7121/1-2 S i utvinningsløyve 767

28.11.2018
Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7121/1-2 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 7121/1-2 S skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 71°47'38,40"N og 21°07'30,53"A.

Boreprogrammet for brønn 7121/1-2 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 767. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 60 prosent. Den andre rettshavaren er INPEX Norge AS med 40 prosent.

Arealet i dette løyvet består av blokkene/del av blokkene 7120/3, 7121/1, 7121/2 og 7121/4. Brønnen blir bora om lag 20 kilometer nord for Snøhvit-feltet, og om lag 25 kilometer aust for gassfunnet 7120/2-3 S, (Skalle), og han skal teste prospektet (Setter/Pointer).

Utvinningsløyve 767 blei tildelt 7. februar 2014 i TFO 2013 på norsk sokkel. Brønn 7121/1-2 S er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, Tlf 51 87 64 52

7121/1-2 S


Tema: Brønner