Boreløyve for brønn 7122/7-7 S i utvinningsløyve 229

22.11.2018
Oljedirektoratet har gitt Eni Norge AS boreløyve for brønn 7122/7-7 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 7122/7-7 S skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 71°17'33,53" nord og 22°15'14,46" aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7324/3-4 for Equinor Energy AS i utvinningsløyve 615.

Boreprogrammet for brønn 7122/7-7 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 229. Eni Norge AS er operatør med ein del på 65 prosent. Den andre rettshavaren er Equinor Energy AS (35 prosent). Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 7122/7, 8, 9 og 10. Brønnen blir bora om lag 2,4 km kilometer vest for funnbrønnen 7122/7-1 på Goliat-feltet.

Utvinningsløyve 229 vart delt ut i Barentshavprosjektet -97. Dette er den åttande leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, Tlf 51876452

7122/7-7 S


Tema: Brønner