Boreløyve for brønn 7220/11-5 S i utvinningsløyve 609

27.02.2018
Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7220/11-5 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 7220/11-5 S skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 72o01' 21,08" nord og 20o29' 21,15 aust.

Boreprogrammet for brønn 7220/11-5 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 609. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Idemitsu Petroleum Norge AS (30 prosent) og DEA Norge AS (30 prosent).

Arealet i dette løyvet består av blokkene/del av blokkene 7220/6, 7220/9, 7220/11, 7220/12 og 7221/4. Brønnen blir bora 4,5 kilometer sørvest for funnbrønnen 7220/11-1.

Utvinningsløyve 609 blei tildelt 13. mai 2011 i 21. konsesjonsrunde på norsk sokkel.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

7220/11-5 S


Tema: Brønner