Boreløyve for brønn 7220/5-3 i utvinningsløyve 532

27.07.2018
Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 7220/5-3, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7220/5-3 skal borast frå boreinnretninga Songa Enabler i posisjon 72°35'53,39"N og 20°22'59,64"Ø.

Boreprogrammet for brønn 7220/5-3 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 532. Equinor er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Eni Norge AS (30 prosent) og Petoro AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av blokkene 7219/9 og 7220/4,5,7,8. Brønnen blir bora om lag 3 kilometer nord for gassfunnet 7220/5-2 Nunatak i Johan Castberg, om lag 245 kilometer nordvest for Hammerfest, og skal der teste juraprospektet Skruis.

Utvinningsløyve 532 blei tildelt 15. mai.2009 i 20. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den niande brønnen som vert bora i løyvet.

Boreløyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, Tlf. 51 87 64 52

 

7220/5-3