Boreløyve for brønn 7322/7-1 i utvinningsløyve 852

20.06.2018
Oljedirektoratet har gitt Spirit Energy Norge AS boreløyve for brønn 7322/7-1, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 7322/7-1 skal borast frå boreinnretninga Island Innovator i posisjon 73°24'48.4" nord og 22°02'22.09" aust etter avslutting av boring av avgrensingsbrønn 6506/9-4 A for Spirit Energy Norge AS i utvinningsløyve 433.

Boreprogrammet for brønn 7322/7-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 852. Spirit Energy Norge AS er operatør med ein del på 60 prosent og Aker BP ASA er  rettshavar med ein del på 40 %. Arealet i dette løyvet består av blokk 7322/7. Brønnen blir bora om lag 70 kilometer vest for 7324/8-1 (Wisting) og om lag 110 km nordaust for Johan Castberg.

Utvinningsløyve 852 vart delt ut 10.6.2016 (23. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf: 51876452

 

7322/7-1


Tema: Brønner