Boreløyve for brønn 7324/3-1 i utvinningsløyve 615

18.09.2018
Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 7324/3-1, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 7324/3-1 skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 73°57'27,39" nord og 24°41'04,86" aust.

Boreprogrammet for brønn 7324/3-1 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 615. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 55 prosent. Dei andre rettshavarane er OMV (Norge) AS (25 prosent). Petoro AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av blokkene/del av blokkene 7324/1, 7324/2, 7324/3 og 7325/1. Brønnen blir bora om lag 13 kilometer vest for gassfunnet 7325/1-1, Atlantis, og om lag 30 kilometer nordvest for olje-gassfunnet 7325/4-1, Gemini Nord, og skal der teste prospektet Intrepid Eagle

Utvinningsløyve 615 vart delt ut 13. mai 2011 i 21 konsesjonsrunde på norsk sokkel. Brønn 7324/3-1 er den tredje brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, Tlf. 51 87 64 52

7324/3-1


Tema: Brønner