Boreløyve for brønn 8/10-7 S i utvinningsløyve 405

12.11.2018
Oljedirektoratet har gitt Spirit Energy Norge AS boreløyve for brønn 8/10-7 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 8/10-7 S skal borast frå boreinnretninga Maersk Interceptor i posisjon 57°6'54,81" nord og 3°3'31,5" aust.

Boreprogrammet for brønn 8/10-7 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve  405. Spirit Energy Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Suncor Energy Norge AS med 30 prosent, Faroe Petroleum Norge AS med 15  prosent og Aker BP ASA med 15 prosent.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 8/10. Brønnen blir bora om lag fem kilometer nord for feltet 8/10-4 S Oda.

Utvinningsløyve 405 blei tildelt 16. februar 2007 i TFO 2006. Dette er den sjuande brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

8/10-7 S

 


Tema: Brønner