Boreløyve for brønn 16/1-31 S i utvinningsløyve 338

29.01.2019
Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/1-31 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønnen skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 58°51'47,57"N og 02°18'12,33"A etter at boring av undersøkingsbrønn 7121/1-2 S i Barentshavet er avslutta.

Boreprogrammet for brønn 16/1-31 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 338, der Lundin Norway AS er operatør med ein del på 65 prosent. Dei andre rettshavarane er OMV (Norge) AS (20 prosent) og Wintershall Norge AS (15 prosent).

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 16/1. Brønnen blir bora om lag fire kilometer nordaust for Edvard Grieg-innretninga i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 338 blei tildelt 17. desember 2004 (TFO 2004). Dette er den 12. leitebrønnen som blir bora i det noverande løyvet, men det er tidlegare bora undersøkingsbrønnar innanfor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

16/1-31 S


Tema: Brønner