Boreløyve for brønn 24/9-15 S og 24/9-15 A i utvinningsløyve 340

06.02.2019
Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 24/9-15 S og 24/9-15 A, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 24/9-15 S og 24/9-15 A skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 59°20’ 29,01’’ nord og 01°49’ 55,32” aust.

Boreprogrammet for brønnane 24/9-15 S og 24/9-15 A gjeld boring av ein undersøkingsbrønn og ein avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 340. Aker BP ASA er operatør med ein del på 65 prosent, medan Vår Energi AS og Lundin Norway AS er rettshavarar med delar på 20 prosent og 15 prosent. Utvinningsløyve 340 blei tildelt i 2004 (TFO 2004).

Arealet i dette utvinningsløyvet ligg i den midtre delen av Nordsjøen, og består av delar av blokk 24/9 som grensar mot britisk sokkel. Brønnane blir bora sørvest for Volund-feltet. Dette er den sjuande og åttande leitebrønnen som blir bora i utvinningsløyvet. 

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

24/9-15 S og 24/9-15 A


Tema: Brønner