Boreløyve for brønn 25/1-13 i utvinningsløyve 871

16.01.2019
Oljedirektoratet har gitt Wellesley Petroleum AS boreløyve for brønn 25/1-13, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønnen skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 59°49'15,46"N og 02°16'37,04"A etter at boring av avgrensningsbrønnane 31/7-3 S og 31/7-3 A i den nordlige delen av Nordsjøen er avslutta.

Boreprogrammet for brønn 25/1-13 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 871, der Wellesley Petroleum AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Aker BP ASA (20 prosent), Equinor Energy AS (20 prosent) og LOTOS Exploration and Production Norge AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 25/1, 25/2, 25/4 og 25/6. Brønnen blir bora om lag seks kilometer søraust for det nedstengte Frigg-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 871 blei tildelt 10. februar 2017 (TFO 2016). Dette er den fyrste leitebrønnen som blir bora i sjølve løyvet, men det er tidlegare bora tre undersøkingsbrønnar innanfor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

25/1-13


Tema: Brønner