Sokkelåret 2006 - E-drift er framleis ei satsing

05.01.2007
Petroleumsnæringa er godt i gang med å ta i bruk e-drift. Oljedirektoratet vil framleis satse på e-driftforum og vere ein pådrivar der det er for lite aktivitet.

E-drift betyr å ta i bruk nye driftsformer. Desse baserer seg på at IKT-løysingar som omfatter (nær) sanntidsdata blir nytta for å integrere arbeidsprosesser mellom fag, hav og land og ulike organisasjonar. Hensikta er å få til raskare og betre beslutningar.

OD har bedt selskapa om å rapportere gjennomførte tiltak i 2006 og planar framover.

Alle dei store selskapa melder om vesentleg satsing på e-drift. I 2006 er det rapportert om stor e-driftaktivitet fra 21 felt på norsk sokkel. Hovudresultatet er optimalisering av produksjon, til dømes er produksjonen på Heidrunfeltet i Norskehavet auka med fem prosent som fylgje av e-drift. 

Selskapa rapporterer om positive konsekvensar av av e-driftsatsinga: auka regularitet, hurtigare vedtak, betre brønnplassering og betre kontroll over brønnar under produksjon. Det vert og  rapportert om betre samhandling mellom hav og land, operatør og leverandør og meir effektiv tverrfagleg jobbing. IKT blir betre utnytta, og ny teknologi blir utvikla. 

Framleis er det felt som ikkje har rapportert om at det er sett i gang e-driftaktivitet i 2006. Fleire har heller ingen slike planar for 2007. Nokre av desse felta er satellittfelt og felt i sluttfasen, men her er óg fleire store felt med forventa lang levetid.

OD si rolle innanfor e-drift blei formulert i Stortingsmelding nr. 38 (2003-2004). Hausten 2004 blei e-driftforum oppretta. Dette er ein arena der sentrale aktørar frå alle oljeselskapa, mange leverandørar, forskingsinstitusjonar, fagforeiningar og styresmakter møtes for felles utveksling av kunnskap og erfaring. E-driftforum har møter kvart halvår.