Produksjonstal januar 2011

11.02.2011
Førebels produksjonstal i januar 2011 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 164 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein auke på 50 000 fat samanlikna med desember. Den totale gassproduksjonen var 10,4 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), ein nedgang på 0,4 GSm3 frå månaden før.

 Oljeproduksjon 2011

 

Væskeproduksjonen i januar  fordeler seg slik: 1 836 000 fat olje, 259 000 fat NGL og 69 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Produksjonen frå nokre felt var redusert i periodar i januar på grunn av diverse tekniske problem. Produksjonen på Gullfaks var redusert med ca 40 prosent i desember og januar sammanlikna med produksjonen i november på grunn av nedstengte brønnar.

 

 Væskeproduksjon 2011

 

Den totale petroleumsproduksjonen i januar var om lag 21,0 millionar Sm3 o.e. (MSm3 o.e.). Dette er fordelt slik: olje 9,1 MSm3 o.e, NGL og kondensat 1,6 MSm3 o.e, og gass 10,4 MSm3 o.e. Produksjonen er 1,2 MSm3 o.e. lågare enn i januar 2010.

 

Gassproduksjon 2011 

 

Endelege produksjonstal for desember 2010 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,810 millionar fat olje, 0,314 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,8 milliardar Sm3 gass.

Førebels produksjonstal for februar blir publisert i mars 2011.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77