Produksjonstal februar 2015

12.03.2015
Foreløpige produksjonstal i februar 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 925 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 6 000 fat per dag (ca. 0,3 prosent) samanlikna med januar 2015. Det totale gass salet var 10,1 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,2 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2015

Oljeproduksjon - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i februar fordeler seg slik: 1 548 000 fat olje, 332 000 fat NGL og 45 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 0,3 prosent over produksjonen i februar i fjor.

Brynhild og Draugen har redusert produksjon i februar på grunn av diverse tekniske problem, Ekofisk og Eldfisk på grunn av fremskyndet planlagt vedlikeholdsstans. Gudrun har vært nedstengt siden 18 februar på grunn av gass lekkasje.

Oljeproduksjonen er  ca 2 prosent over OD sin prognose for februar 2015.

 

Væskeproduksjon 2015

Væskeproduksjon - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2015

Gassproduksjon - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2015 er om lag 38,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 14,5 MSm3 o.e olje, om lag 3,6 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 20,4 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 1,1 MSm3 o.e. høgare enn i 2014. 

Endelege produksjonstal for januar 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,544 millionar fat olje, 0,388 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,3 GSm3 gass for sal.


Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77