Produksjonstal juni 2015

16.07.2015
Foreløpige produksjonstal i juni 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 948 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 49 000 fat per dag (ca. 3 prosent) samanlikna med mai 2015.

Det totale gass salet var 8,3 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,4 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2015

Oljeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i juni fordeler seg slik: 1 570 000 fat olje, 353 000 fat NGL og 25 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 10 prosent over produksjonen i juni i fjor.

Oljeproduksjonen er  ca 5,0 prosent over OD sin prognose for juni 2015.

 

Væskeproduksjon 2015

Væskeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2015

Gassproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2015 er om lag 111,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 44,4 MSm3 o.e olje, om lag 11,1 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 56,0 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 3,6 MSm3 o.e. høgare enn i 2014. 

Endelege produksjonstal for mai 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,519 millionar fat olje, 0,380 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,7 GSm3 gass for sal.

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77