Produksjonstal mai 2015

24.06.2015
Foreløpige produksjonstal i mai 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 866 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 85 000 fat per dag (ca. 4 prosent) samanlikna med april 2015. Det totale gass salet var 8,7 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,9 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2015

Oljeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Væskeproduksjonen i mai fordeler seg slik: 1 510 000 fat olje, 325 000 fat NGL og 31 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 2,4 prosent over produksjonen i mai i fjor.

Oljeproduksjonen er  ca 1,0 prosent over OD sin prognose for mai 2015.

 

Væskeproduksjon 2015

Væskeproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2015

Gassproduksjon 2015 - Last ned pdf

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2015 er om lag 94,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 37,1 MSm3 o.e olje, om lag 9,2 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 47,7 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 2,0 MSm3 o.e. høgare enn i 2014. 

Endelege produksjonstal for april 2015 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,573 millionar fat olje, 0,378 millionar fat NGL og kondensat og totalt 7,8 GSm3 gass for sal.

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77