Produksjonstal desember 2016

17.01.2017
Foreløpige produksjonstal i desember 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 094 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 60 000 fat per dag (ca. 3 prosent) samanlikna med november.

Det totale gassalet var 10,9 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,2 GSm3 meir enn månaden før.  

Den totale petroleumsproduksjonen i 2016 er om lag 233,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Det er 2,8 MSm3 o.e. meir enn i  2015. Oljeproduksjonen auka for tredje år på rad i 2016, og det blei produsert like mykje gass som året før, da det blei sett produksjonsrekord. Det høge nivået er mellom anna resultatet av god regularitet på felta, og at ulike effektiviseringstiltak har gitt ein betydelig reduksjon i drifts- og leitekostnadene.

 

Oljeproduksjon 2016

Oljeproduksjon 2016

 

Væskeproduksjonen i desember fordeler seg slik: 1 693 000 fat olje, 369 000 fat NGL og 32 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 3,5 prosent over produksjonen i desember i fjor og er ca. 9 prosent over OD sin prognose for desember 2016. Produksjon ligg ca. 5,5 % over prognosen i år.

 

Væskeproduksjon 2016

Væskeproduksjon 2016

 

Gassproduksjon 2016

Gassproduksjon 2016

 

Den totale petroleumsproduksjonen i 2016 er om lag 233,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 94,1 MSm3 o.e olje, om lag 22,1 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er seld om lag 116,8 MSm3 o.e gass. I 2015 var produksjonen 91,0 MSm3 o.e olje, om lag 22,1 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det var seld om lag 117,2 MSm3 o.e gass. Totalvolumet var 2,8 MSm3 o.e. høgare i 2016 enn i  2015.

Endelege produksjonstal for november 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,757 millionar fat olje, 0,397 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,7 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77