Produksjonstal november 2016

21.12.2016
Foreløpige produksjonstal i november 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 153 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 37 000 fat per dag (ca. 2 prosent) samanlikna med oktober. Det totale gass salet var 10,8 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er det same som månaden før.

Oljeproduksjon 2016

Oljeproduksjon 2016

 

Væskeproduksjonen i november fordeler seg slik: 1 739 000 fat olje, 380 000 fat NGL og 33 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 9 prosent over produksjonen i november i fjor og er ca. 11 prosent over OD sin prognose for november 2016. Produksjon ligger ca. 5 % over prognosen hittil i år.

 

Væskeproduksjon 2016

Væskeproduksjon 2016

 

Gassproduksjon 2016

Gassproduksjon 2016 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2016 er om lag 211,8 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 85,6 MSm3 o.e olje, om lag 20,2 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 106,0 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 2,9 MSm3 o.e. høgare enn i  2015.

Endelege produksjonstal for oktober 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,731 millionar fat olje, 0,384 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,8 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77