Produksjonstal oktober 2016

18.11.2016
Foreløpige produksjonstal i oktober 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 099 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 486 000 fat per dag (ca. 30 prosent) samanlikna med september. Det totale gass salet var 10,8 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 4,5 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2016

Oljeproduksjon 2016

 

Væskeproduksjonen i oktober fordeler seg slik: 1 714 000 fat olje, 352 000 fat NGL og 33 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 4 prosent over produksjonen i oktober i fjor og er ca. 10 prosent over OD sin prognose.

 

Væskeproduksjon 2016

Væskeproduksjon 2016

 

Gassproduksjon 2016

Gassproduksjon 2016

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2016 er om lag 190,9 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 77,3 MSm3 o.e olje, om lag 18,3 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 95,3 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 1,9 MSm3 o.e. høgare enn i  2015.

Endelege produksjonstal for september 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,397 millionar fat olje, 0,216 millionar fat NGL og kondensat og totalt 6,3 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77