Produksjonstal september 2016

18.10.2016
Foreløpige produksjonstal i september 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 591 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein nedgang på 344 000 fat per dag (ca. 18 prosent) samanlikna med august. Det totale gass salet var 6,4 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,6 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2016

Oljeproduksjon 2016

 

Væskeproduksjonen i september fordeler seg slik: 1 375 000 fat olje, 186 000 fat NGL og 30 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 11 prosent under produksjonen i september i fjor og er ca. 4 prosent under OD sin prognose.

Produksjonen er mindre enn førre månad og skyldas blant anna at fleire felt har vært stengt for vedlikehald. Produksjonen på Goliat starta igjen den 27 september.

 

Væskeproduksjon 2016

Væskeproduksjon 2016

 

Gassproduksjon 2016

Gassproduksjon 2016

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2016 er om lag 169,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 68,7 MSm3 o.e olje, om lag 16,4 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 84,4 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 1,4 MSm3 o.e. høgare enn i  2015.

Endelege produksjonstal for august 2016 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,572 millionar fat olje, 0,364 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,0 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77