Produksjonstal april 2017

19.05.2017
Foreløpige produksjonstal i april 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 111 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 38 000 fat per dag (ca. 2 prosent) samanlikna med mars.

Det totale gass salet var 10,6 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,4 GSm3 mindre enn månaden før. 

 

Oljeproduksjon 2017

Oljeproduksjon 2017

 

Væskeproduksjonen i april fordeler seg slik: 1 704 000 fat olje, 377 000 fat NGL og 31 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 4,2 prosent over produksjonen i april i fjor og er ca. 4,2 prosent over OD sin prognose for april 2017. Produksjon ligger ca. 2,3 % over prognosen hittil i år.

 

Væskeproduksjon 2017

Væskeproduksjon 2017

 

Gassproduksjon 2017

Gassproduksjon 2017

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2017 er om lag 83,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 32,1 MSm3 o.e olje, om lag 7,9 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 43,2 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 0,7 MSm3 o.e. høgare enn i  2016.

Endelege produksjonstal for mars 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,734 millionar fat olje, 0,415 millionar fat NGL og kondensat og totalt 11,0 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77