Produksjonstal august 2017

15.09.2017
Foreløpige produksjonstal i august 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 918 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 41 000 fat per dag samanlikna med juli.

Det totale gass salet var 10,4 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,1 GSm3 mindre enn månaden før. 

 

Oljeproduksjon 2017

Oljeproduksjon 2017

 

Væskeproduksjonen i august fordeler seg slik: 1 548 000 fat olje, 340 000 fat NGL og 30 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 1,4 prosent under produksjonen i august i fjor og er ca. 1,6 prosent under OD sin prognose for august 2017. Produksjon ligger ca. 0,5 prosent over prognosen hittil i år. Produksjonen holder seg på samme nivå som i juli. Gassproduksjonen ligger også i august over prognosen.

 

Væskeproduksjon 2017

Væskeproduksjon 2017

 

Gassproduksjon 2017

Gassproduksjon 2017

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2017 er om lag 159,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 63,0 MSm3 o.e olje, om lag 14,9 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 81,7 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 4,0 MSm3 o.e. høgare enn i  2016.

Endelege produksjonstal for juli 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,598 millionar fat olje, 0,361 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,5 GSm3 gass for sal.

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77