Produksjonstal februar 2017

21.03.2017
Foreløpige produksjonstal i februar 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 082 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 46 000 fat per dag (ca. 2 prosent) samanlikna med januar.

Det totale gass salet var 10,2 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,3 GSm3 mindre enn månaden før. 

 

Oljeproduksjon 2017

Oljeproduksjon 2017

 

Væskeproduksjonen i februar fordeler seg slik: 1 678 000 fat olje, 365 000 fat NGL og 31 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg ca. 0,4 prosent under produksjonen i februar i fjor og er ca. 0,8 prosent over OD sin prognose for februar 2017. Produksjon ligger ca. 0,5 % over prognosen hittil i år.

 

Væskeproduksjon 2017

Væskeproduksjon 2017

 

Gassproduksjon 2017

Gassproduksjon 2017

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2017 er om lag 41,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 15,5 MSm3 o.e olje, om lag 3,8 MSm3 o.e NGL og  kondensat, og det er selt om lag 21,7 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 0,3 MSm3 o.e. lågare enn i  2016.

Endelege produksjonstal for januar 2017 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,623 millionar fat olje, 0,413 millionar fat NGL og kondensat og totalt 11,5 GSm3 gass for sal.

 

Kontaktperson i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77